Tredje dag på rad med berre negative prøver

Helse Førde sine tal viser at alle dei analyserte prøvene måndag var negative. Dette er tredje dag på rad med berre negative prøver.

Dei siste åtte dagane har ti av prøvene vore positive.   Foto: ILL.FOTO

Nyhende

Måndag analyserte Helse Førde 84 prøver og alle desse var negative. Dette viser dei oppdaterte tala til Helse Førde tysdag morgon.

Dette er tredje dag på rad med berre negative prøver. Både laurdag og søndag vart det analysert 255 prøver og 56 prøver, og alle var negative. Ein må no altså tilbake til fredag for å finne positive prøver. Fredag var fem av 370 analyserte prøver positive.

Ti positive

I løpet av dei siste åtte prøvetakingsdagane, mellom måndag 17. mai og måndag 24. mai, har Helse Førde analysert 1821 prøver. Av desse analyserte prøvene har ti vore positive. Fredag 21. mai og torsdag 20. mai er dagane med flest positive prøver i denne perioden, med fem positive fredag og fire torsdag. Fem av dagane har vore utan positive prøver.

Måndag 17. mai: 0 nye av 155 analyserte prøver

Tysdag 18. mai: 0 nye av 159 analyserte prøver

Onsdag 19. mai: 1 ny av 323 analyserte prøver

Torsdag 20. mai: 4 nye av 419 analyserte prøver

Fredag 21. mai: 5 nye av 370 analyserte prøver

Laurdag 22. mai: 0 nye av 255 analyserte prøver

Søndag 23. mai: 0 nye av 56 analyserte prøver

Måndag: 24. mai: 0 nye av 84 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine tal er ingen pasientar med stadfesta covid-19 smitte innlagde på sjukehusa i Helse Førde.

Tysdag morgon var det ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona.