Ingen nye positive prøver

Måndag på 17. mai analyserte Helse Førde 155 prøver og alle var negative.

Dei siste åtte prøvetakingsdagane har tolv prøver vore positive.   Foto: ILL.FOTO

Nyhende

Måndag på sjølvaste 17. mai analyserte Helse Førde 155 koronaprøver og ingen av desse var positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag morgon.

Dagen før var det derimot tre positive prøver, etter at Helse Førde analyserte 110 prøver.

12 positive

Ifølgje Helse Førde sine tal, har helseføretaket analysert 1699 prøver dei siste åtte dagane mellom, måndag 10. mai og måndag 17. mai. I løpet av desse dagane har tolv av prøvene vore positive. Dagane med flest positive prøver i denne perioden, er tysdag 11. mai, torsdag 13. mai og søndag 16. mai med tre positive. Fredag 14. mai, laurdag 15. mai og måndag 17. mai er alle dagar utan positive prøver.

Måndag 10. mai: 2 nye av 286 analyserte prøver

Tysdag 11. mai: 3 nye av 383 analyserte prøver

Onsdag 12. mai: 1 ny av 298 analyserte prøver

Torsdag 13. mai: 3 nye av 117 analyserte prøver

Fredag 14. mai: 0 nye av 149 analyserte prøver

Laurdag 15. mai: 0 nye av 201 analyserte prøver

Søndag 16. mai: 3 nye av 110 analyserte prøver

Måndag 17. mai: 0 nye av 155 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

To koronapasientar

Helse Førde sine tal viser at to pasientar med stadfesta covid-19 smitte er innlagde på sjukehus i Helse Førde.

Tysdag morgon var ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande eller sjukmelde på grunn av korona.

Åtte tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.