Politiet avslutta fest på Nordfjordeid

Ifølgje innsatsleiar Kurt Hammerø har det vore ei stille helg i Nordfjord, med litt fest- og rånestøy.

Det har vore ei roleg helg for politiet i Nordfjord.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Det har vore stille og roleg i Nordfjord i helga. Innsatsleiar Kurt Hammerø har lite å melde om då Fjordabladet snakkar med han søndag formiddag. Det har vore stille både i indre og ytre, men litt fest og rånebråk har det vore.