Andre dag på rad med berre negative prøver

For andre dag på rad melder Helse Førde om berre negative prøvesvar.

Så langt denne veka har ni prøver vore positive, ifølgje Helse Førde.   Foto: ILL.FOTO

Nyhende

Laurdag analyserte Helse Førde 201 prøver og alle desse er negative. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal søndag morgon.

Dette er andre dag på rad med berre negative prøver. Helse Førde analyserte 149 prøver fredag, også desse var negative.

Ti positive

Så langt denne veka har Helse Førde meldt om ni positive prøver. Desse er tatt i Stad, Stryn, Sunnfjord og Fjaler.

I løpet av dei åtte siste prøvetakingsdagane, mellom laurdag 8. mai og laurdag 15. mai, har Helse Førde analysert 1681 prøver. Av desse 1681 analyserte prøvene har ti vore positive. Tysdag 11. mai og torsdag 13. mai er dagane med flest positive prøver i denne perioden, med tre positive. Søndag 9. mai, fredag 14. mai og laurdag 15. mai er dagar med berre negative prøver.

Laurdag 08. mai: 1 ny av 176 analyserte prøver

Søndag 09. mai: 0 nye av 71 analyserte prøver

Måndag 10. mai: 2 nye av 286 analyserte prøver

Tysdag 11. mai: 3 nye av 383 analyserte prøver

Onsdag 12. mai: 1 ny av 298 analyserte prøver

Torsdag 13. mai: 3 nye av 117 analyserte prøver

Fredag 14. mai: 0 nye av 149 analyserte prøver

Laurdag 15. mai: 0 nye av 201 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

To koronapasientar

Helse Førde sine tal viser at to pasientar med stadfesta covid-19 er innlagde på sjukehus i Helse Førde.

Søndag morgon var ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona.

Åtte tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.