13 forstyrringar av natteroa

Det vert meldt om 13 forstyrringar av natteroa i politidistriktet.   Foto: arkiv

Nyhende

Ifølgje Vest politidistrikt har det vore ei ganske så roleg natt til søndag med 13 forstyrringar av natteroa i politidistriktet. På Twitter har dei stort sett berre meldt om hendingar i Sunnfjord og i områda rundt Bergen.

Laurdag kveld kom det melding om to menn som slost i Førde sentrum, men politiet var på staden og kom i kontakt med eine parten.

Vest politidistrikt melder også om at det har vore samling av russ i Hordnesskogen. Der vart sju personar vist vekk frå staden. Dette skal ha vore stort sett andre enn russ som kom til staden. Musikken vart stoppa og plassen rydda, etter at det kom melding om at tre personar hadde vist fram eller trua med kniv. Desse tre vart ikkje funne.

Ifølgje Vest politidistrikt har det også vore russesamling i Øygarden, Tellesnæringspark. Her vart to personar vist vekk frå staden. Ein person har truleg fått knekt nase og vart køyrt til legevakt. Politiet har oppretta sak.