Testa negativt for andre gong

Ingen nye barn og tilsette i Golvsengane barnehage og Nordfjordeid skule har testa positivt. Framleis ventar ein på sju av prøvene.

Stad kommune melder laurdag kveld om ingen nye positive prøver.   Foto: OLIN MARIA YRI

Nyhende

Fredag ettermiddag vart barn og tilsette i avdeling 2 i Golvsengane barnehage og 1A og 1B ved Nordfjordeid testa for andre gong i karanteneperioden. Ifølgje ei pressemelding er det no klart at ingen av desse har testa positivt. Det manglar derimot svar på sju av prøvene. Desse er venta søndag.

Barna og dei tilsette har no blitt testa for covid-19 minst sju døgn etter siste moglege eksponering for smitte. Alle som har fått stadfesta negativt svar er ferdige med karantene og kan vende tilbake til normal aktivitet, melder kommuneoverlege Thomas Vingen Vedled i pressemeldinga. Dei som framleis ikkje har fått svar, må derimot vente.

Det skal heller ikkje vere andre positive prøvesvar etter ordinær testing på Nordfjordeid fredag. Laurdag kveld er svara på 102 av 109 prøver som er tatt fredag klar.