Berre negative prøver - første gong denne veka

Helse Førde melder om berre negative prøver etter at 149 prøver vart analysert fredag.

For første gong denne veka vert det meldt om ingen nye positive prøver.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Fredag analyserte Helse Førde 149 prøver og alle desse prøvene er negative. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal laurdag morgon. Dette er den første dagen sidan søndag at alle prøvene som Helse Førde analyserer er negative.

Så langt denne veka har ni prøver vore positive etter at Helse Førde har analysert 1233 prøver. Desse ni positive prøvene kjem frå Stad, Stryn, Sunnfjord og Fjaler.

13 positive

I løpet av dei åtte siste prøvetakingsdagane, mellom fredag 7. mai og fredag 14. mai, har 13 prøver vore positive, viser tala til Helse Førde. I løpet av desse dagane har Helse Førde analysert 1806 prøver. Det er fredag 7. mai, tysdag 11. mai og torsdag 13. mai som er dagane med flest positive prøver i denne perioden. Desse dagane har det blitt meldt om tre positive prøver. Søndag 9. mai og fredag 14. mai er altså dagar utan positive prøver og er med det dagane med færrast positive prøver.

Fredag 07. mai: 3 nye av 326 analyserte prøver

Laurdag 08. mai: 1 ny av 176 analyserte prøver

Søndag 09. mai: 0 nye av 71 analyserte prøver

Måndag 10. mai: 2 nye av 286 analyserte prøver

Tysdag 11. mai: 3 nye av 383 analyserte prøver

Onsdag 12. mai: 1 ny av 298 analyserte prøver

Torsdag 13. mai: 3 nye av 117 analyserte prøver

Fredag 14. mai: 0 nye av 149 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

To koronapasientar

Tala til Helse Førde viser at to pasientar med stadfesta covid-19 smitte er innlagde på sjukehus i Helse Førde.

Laurdag morgon var det ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Talet på tilsette som har hatt stadfesta covid-19 er åtte.