Tre positive prøver

Helse Førde melder om tre nye positive prøver etter at 177 prøver vart analysert torsdag.

Så langt denne veka har ni prøver vore positive, viser Helse Førde sine tal.   Foto: ILL.FOTO

Nyhende

Helse Førde analyserte torsdag 117 prøver og tre av desse er positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal fredag morgon. Dei tre positive prøvene er tatt i Stad, Stryn og Fjaler. Torsdag kveld vart det klart at ein ny person i Stad har fått stadfesta covid-19 etter at 27 personar vart testa på Nordfjordeid. Denne personen var allereie i karantene på grunn av kjent smitte i husstanden.


Ein ny person er smitta

Torsdag kveld er det klart at ein ny person i Stad er smitta av covid-19.


Ni positive denne veka

Så langt denne veka har ni prøver vore positive etter at Helse Førde har analysert 1084 prøver. Desse ni positive prøvene kjem frå Stad, Stryn, Sunnfjord, Fjaler.

I løpet av dei åtte siste prøvetakingsdagane, mellom torsdag 6. mai og torsdag 13. mai, har Helse Førde analysert 1947 prøver. Av desse 1947 prøvene har 18 vore positive. Dagen med flest positive prøver i denne perioden er torsdag 6. mai med fem positive. Dagen med færrast positive er søndag 9. mai med 0 positive. Dette er også den einaste dagen med berre negative prøver i denne perioden.

Torsdag 06. mai: 5 nye av 290 analyserte prøver

Fredag 07. mai: 3 nye av 326 analyserte prøver

Laurdag 08. mai: 1 ny av 176 analyserte prøver

Søndag 09. mai: 0 nye av 71 analyserte prøver

Måndag 10. mai: 2 nye av 286 analyserte prøver

Tysdag 11. mai: 3 nye av 383 analyserte prøver

Onsdag 12. mai: 1 ny av 298 analyserte prøver

Torsdag 13. mai: 3 nye av 117 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

To koronapasientar

Ifølgje Helse Førde er to pasientar med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehus i Helse Førde.

Fredag morgon er to av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Talet på tilsette som har hatt stadfesta covid-19 er åtte.