Ein ny person er smitta

Torsdag kveld er det klart at ein ny person i Stad er smitta av covid-19.

Ein ny person er stadfesta smitta av covid-19.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Onsdag ettermiddag vart 27 personar testa for covid-19 på Nordfjordeid, og torsdag kveld har prøvesvara på desse kome. Dette kjem fram i ei pressemelding.

Prøvesvara som er klar viser at ein ny person har fått stadfesta covid-19. Denne personen var allereie i karantene på grunn av kjent smitte i husstanden. Ifølgje kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld er det ingen nye nærkontaktar.

Alle andre prøvesvar frå testing onsdag er negative.

Andre smittetilfellet

Dette er det andre smittetilfellet i Stad sidan tysdag. Også det smittetilfelle var ein person som hadde vore i karantene på grunn av smitte i husstanden.


Korona

Dette er situasjonen i Stad no

Denne veka har ein ny person fått stadfesta covid-19, og ein ventar framleis på andregongstestar av elevar og barn.