Ei ny positiv prøve

Helse Førde melder om ei ny positiv prøve. Dette er den sjette positive prøva så langt denne veka.

Tala til Helse Førde viser ei ny positiv prøve og to innlagde pasientar med stadfesta covid-19.   Foto: arkiv

Nyhende

Onsdag analyserte Helse Førde 298 prøver og ei av desse er positiv. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal torsdag morgon. Den positive prøva er tatt i Stryn.

Ifølgje Helse Førde er ikkje kommunen for prøvetaking alltid den kommunen som pasienten bur i eller har folkeregistrert adresse.

Seks positive så langt

Så langt denne veka har Helse Førde meldt om seks nye positive prøver. Desse prøvene er tatt i Stad, Stryn og Sunnfjord.

I løpet av dei åtte siste prøvetakingsdagane, mellom onsdag 5. mai og onsdag 12. mai, har Helse Førde analysert 2032 koronaprøver. Av desse analyserte prøvene har 16 vore positive. Dagen med flest positive prøver i denne perioden er torsdag 6. mai med fem positive. Søndag 9. mai er einaste dagen i løpet av desse åtte dagane med berre negative prøver.

Onsdag 05. mai: 1 ny av 202 analyserte prøver

Torsdag 06. mai: 5 nye av 290 analyserte prøver

Fredag 07. mai: 3 nye av 326 analyserte prøver

Laurdag 08. mai: 1 ny av 176 analyserte prøver

Søndag 09. mai: 0 nye av 71 analyserte prøver

Måndag 10. mai: 2 nye av 286 analyserte prøver

Tysdag 11. mai: 3 nye av 383 analyserte prøver

Onsdag 12. mai: 1 ny av 298 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

To koronapasientar

Helse Førde sine tal viser at to pasientar med stadfesta covid-19 smitte er innlagd på sjukehus i Helse Førde. Det var i går at det vart meldt om at ein pasient til var innlagd.

Torsdag morgon var ein av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.