Tre positive prøver i Nordfjord og Sunnfjord

Helse Førde melder om tre nye positive prøver etter at 383 prøver vart analysert tysdag. Desse kjem frå Nordfjord og Sunnfjord.

Så langt denne veka har fem prøver vore positive, viser Helse Førde sine tal. Desse er tatt i Nordfjord og Sunnfjord.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Helse Førde analyserte tysdag 383 prøver og tre av desse var positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal onsdag morgon. Dei tre positive prøvene er tatt i Stad, Stryn og Sunnfjord. Tysdag kveld vart det klart at ein person i Stad hadde testa positivt for covid-19. Personen har vore i karantene, ettersom ein person i husstanden har fått stadfesta covid-19.


Ein ny person i Stad er smitta

Tysdag kveld har 80 av 82 prøvesvar kome, og desse viser at ein ny person har fått stadfesta covid-19 etter testing på Nordfjordeid.


Ifølgje Helse Førde er ikkje kommunen for prøvetaking alltid kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Fem positive denne veka

Så langt denne veka har fem prøver vore positive, viser Helse Førde sine tal. Fem prøver vore positive, viser Helse Førde sine tal. I tillegg til dei tre positive prøvene tysdag, var to prøver positive måndag. Desse to kjem også frå Stad.


To positive prøver

Helse Førde melder om to positive prøver etter at 286 prøver vart analysert måndag.


I løpet av dei åtte siste prøvetakingsdagane, mellom tysdag 4. mai og tysdag 11. mai, har Helse Førde analysert 2110 prøver og 17 av desse har vore positive. Dagen med flest positive prøver i denne perioden er torsdag 6. mai med fem positive. Søndag 9. mai er einaste dag der det berre var negative prøver.

Tysdag 04. mai: 2 nye av 376 analyserte prøver

Onsdag 05. mai: 1 ny av 202 analyserte prøver

Torsdag 06. mai: 5 nye av 290 analyserte prøver

Fredag 07. mai: 3 nye av 326 analyserte prøver

Laurdag 08. mai: 1 ny av 176 analyserte prøver

Søndag 09. mai: 0 nye av 71 analyserte prøver

Måndag 10. mai: 2 nye av 286 analyserte prøver

Tysdag 11. mai: 3 nye av 383 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

To koronapasientar

Ifølgje Helse Førde er to pasientar med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehusa i Helse Førde. I går vart det meldt om ein pasient med stadfesta covid-19.

Onsdag morgon var tolv av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Åtte tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.