Endrar vaksinestrategien

Regjeringa endrar vaksinestrategien og det vert vurdert om 24 kommunar på Austlandet med høgt smittetrykk skal få ekstra vaksinedosar.

Onsdag er det klart at regjeringa endrar vaksinestrategien og programmet.   Foto: Stad kommune

Nyhende

Under ein pressekonferanse onsdag er det klart at regjeringa vel å endre vaksinestrategien slik at unge mellom 18 og 24 år får tilbod om vaksine etter at alle over 45 er vaksinert. Dette betyr at dei mellom 18 og 24 år, og 40–44 år får tilbod om vaksine samtidig, medan dei mellom 25 og 39 år får tilbod om vaksine etter det igjen.