Elevar og tilsette testa negativt for andre gong

Elevar og tilsette ved Kjølsdalen Montessoriskule og Eid vidaregåande skule har testa negativt for andre gong og kan no gå ut av karantenen.

Kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld melder onsdag kveld at ingen av prøvene som vart tatt tysdag og onsdag morgon er positive.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Onsdag kveld melder Thomas Vingen Vedeld i ei pressemelding at alle prøvesvar etter andregongstesting av trinn 3 til 8 ved kjølsdalen Montessoriskule og klasse 7B ved Nordfjordeid skule er negative.

Elevar og tilsette i trinn 3 til 8 ved Kjølsdalen Montessoriskule og klasse 7B ved Nordfjordeid skule vart testa for andre gong tysdag ettermiddag og onsdag morgon. Onsdag er prøvesvara klar, og desse er altså negative. Desse elevane og tilsette har no testa negativt for covid-19 minst sju døgn etter siste mogleg eksponering for smitte, og er ferdige med karantenen. Dei kan no difor vende tilbake til normal aktivitet, melder Vingen Vedeld.

Det skal heller ikkje vere andre positive prøvesvar etter ordinær testing på Nordfjordeid tysdag ettermiddag og onsdag morgon. Onsdag kveld er svar på 96 av 97 prøver klar.