Ein ny person i Stad er smitta

Tysdag kveld har 80 av 82 prøvesvar kome, og desse viser at ein ny person har fått stadfesta covid-19 etter testing på Nordfjordeid.

Ein ny person i Stad har fått stadfesta covid-19.  Foto: Illustrasjonsfoto

Nyhende

Tysdag kveld er det klart at ein ny person i Stad er stadfesta smitta av covid-19. Ifølgje ei pressemelding vart 82 personar testa for covid-19 på Nordfjordeid, og tysdag kveld er 80 av desse prøvene klar.

Prøvesvara tysdag viser at 79 av 80 prøver er negative, medan ei prøve altså er positiv. Personen som no har fått stadfesta covid-19 var allereie i karantene på grunn av kjent smitte i husstanden. Ifølgje Stad kommune er det ingen nye nærkontaktar i saka.

Stad kommune melder at det framleis er svært viktig at alle innbyggjarane har låg terskel for å teste seg og halde seg heime ved symptom på sjukdom.

Symptom på covid-19 kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans