Samarbeid om reiselivsprosjekt i Davik

John Olav Lefdal, gjennom selskapet Lefdal Invest AS, er ein av fem likeverdige aksjonærar som no kjøper Dampen i Davik.

Satsar i Davik: Fem likeverdige aksjonærar har kjøpt «Dampen» i Davik. I tillegg til å servere fiskesuppe og andre delikatesser til besøkande, er planen å lage til ei flott småbåthamn og parkering for bubilar. – Vi kjem også til å bygge om å lage til store utleigeleilegheiter i hovudhuset og i bua vis a Vis, seier John Olav Lefdal. Foto: Privat 

Nyhende

– Dampen i Davik har ligge ute for sal nokre år no. Restauranten har vore i drift fram til for cirka eitt år sidan. Eg har tidlegare vore i kontakt med eigarane, som lurte på om ikkje eg kunne tenkje meg å kjøpe restauranten. På det tidspunktet passa det ikkje mellom alle andre gjeremål., seier John Olav Lefdal som saman med Stig Bakke i Davik AS, Jan Fredrik Fosse i Knutholmen, Tore Lindbæk i selskapet Rato AS kjøper eigedomen i Davik. Også seljar, Karl Fredrik Drageseth, blir med som aksjonær i selskapet som kjøper Dampen og det som elles høyrer til eigedomen.