Ingen positive prøver

For første gong sidan søndag 18. april melder Helse Førde om berre negative prøver.

Helse Førde melder om at alle prøvene som vart analysert søndag er negative.   Foto: ILL.FOTO

Nyhende

Søndag analyserte Helse Førde 71 prøver og alle desse prøvene var negative. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal måndag morgon.

Dette er første dag på ei god stund at Helse Førde melder om berre negative prøver. Sist dette skjedde var søndag 18. april.

Siste åtte

I løpet av dei åtte siste prøvetakingsdagane, mellom søndag 2. mai og søndag 9. mai, har Helse Førde analysert 1714 prøver. Av desse 1714 analyserte prøvene har 15 prøver vore positive. Dagen med flest positive prøver i denne perioden er torsdag 6. mai med fem positive prøver av 290 analyserte. Dagen med færrast positive prøver er då søndag 9. mai med ingen positive av 71 analyserte.

Søndag 02. mai: 1 ny av 43 analyserte prøver

Måndag 03. mai: 2 nye av 230 analyserte prøver

Tysdag 04. mai: 2 nye av 376 analyserte prøver

Onsdag 05. mai: 1 ny av 202 analyserte prøver

Torsdag 06. mai: 5 nye av 290 analyserte prøver

Fredag 07. mai: 3 nye av 326 analyserte prøver

Laurdag 08. mai: 1 ny av 176 analyserte prøver

Søndag 09. mai: 0 nye av 71 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ein koronapasient

Ifølgje Helse Førde sine tal er ein pasient med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehus i Helse Førde.

Måndag morgon var ni av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.