Ei veke med korona

TESTA NEGATIVT: Tidlegare i førre veke vart elevar og tilsette i klassetrinn 3 til 8 ved Kjølsdalen Montessoriskule og i klasse 7B ved Nordfjordeid skule sett i karantene. Alle elevar og tilsette i desse gruppene har testa negativt på første test i karanteneperioden. Alle held fram i karantene og vil verte testa på nytt mot slutten av karantenetida. Illustrasjonsfoto 

Nyhende

• 5. mai. Stad kommune opplyste onsdag om at ein ny person i Stad kommune hadde fått påvist covid-19 etter testing på Nordfjordeid måndag. Det vart opplyst at personen er helsepersonell og tilsett på Dagsenteret ved Hogatunet og at vedkomande er vaksinert med første dose av AstraZeneca-vaksinen i mars i år. Dagsenteret vart stengt inntil vidare.