Sølvi si interiørinteresse har gitt jobb til to på heimgarden

Allereie før ho byrja på skulen ommøblerte Sølvi Haugen Leivdal barndomsrommet sitt heime i Hornindal. I dag har interiørinteressa blitt jobb for to, og gamlestova og låven på Tore-garden er fylt opp med interiør og klede.

TORE-GARDEN: På familiegarden driv Torbjørn Leivdal og Sølvi Haugen Leivdal Tore-garden. Både låven og gamlestova er fylt opp med interiør og klede, i tillegg til at dei driv ein nettbutikk der dei sender varer til kundar i heile Norge  Foto: Siri Kolseth

Nyhende

– Det er kjempekjekt kvar gong det kjem varer. Det er som julaftan. Det er det kjekkaste eg veit og eg kjenner meg veldig heldig, fortel innehavaren.