Tre testa positivt for covid-19

Fredag 07. mai vart det påvist tre nye positive prøver for covid-19 av 326 analyserte prøver.

Fredag vart det analysert 326 tstar for covid-19. Tre av prøvene var positive.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det melder Helse Førde på si nettside laurdag føremiddag..

Prøvetakingskommunar for dei positive prøvene av nyaste dato er Kinn og Sogndal. Helse Førde understrekar at kommunen for prøvetaking ikkje nødvendigvis er kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Per fredag 7. mai er det ikkje meldt om ny positive covid-19 analyser av prøver tatt i Stad kommune.