8. mai-markering på Eksersisplassen på Nordfjordeid

Tale for dagen av Alfred Bjørlo

Koronapandemien greidde ikkje å stoppe den fine tradisjonsrike markeringa av Frigjeringsdagen 8. mai, sjølv om dei aller feste følgde markeringa digitalt.

Alfred Bjørlo, ordførar i Stad heldt tale for dagen under den tradisjonelle markeringa av Frigjeringsdagen 8. mai, Veterandagen og Røde Kors-dagen på Eksersisplassen på Nordfjordeid.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

På grunn av smittesituasjonen i landet vart det ei annleis markering av Frigjeringsdagen, Veterandagen og Røde Kors-dagen i Nordfjord i år. Markeringa vart strøyma, slik at folk rundt om i alle heimane kunne følgje 8. mai-markeringa ved minnesmerket «Sørgende Mor» på plassen. Fjordabladet var til stades, og vi legg no ut talane som vart halde. Først ute er Alfred Bjørlo, ordførar i Stad.