Frode Fagerli:

─ Fred og fridom kjem ikkje av seg sjølv

Koronapandemien stoppa ikkje den fine tradisjonsrike markeringa av Frigjeringsdagen 8. mai, Veterandagen og Røde Kors-dagen sjølv om dei aller feste følgde markeringa digitalt.

Det som skjedde i krigsåra, engasjerer den dag i dag. Kvart år kjem det bøker og TV-program som viser at krigshistoria vår har fleire sider. Bøkene til Oliver H. Langeland frå Nordfjordeid er gode døme på dette. No blir ein ny TV-serie laga om rettsoppgjeret etter krigen. Her blir sikkert historia til Langeland sentral, sa Frode Fagerli i talen sin.  

Nyhende

På grunn av smittesituasjonen i landet vart det ei annleis markering av Frigjeringsdagen, Veterandagen og Røde Kors-dagen i Nordfjord i år. Markeringa vart strøyma, slik at folk rundt om i alle heimane kunne følgje 8. mai-markeringa ved minnesmerket «Sørgende Mor» på plassen. Fjordabladet var til stades, og vi legg no ut talane som vart halde. Her er talen til Frode Fagerli, Leiar/NROF Firda.