Spektakulær utforkøyring i Stigedalen

Vest politidistrikt melder fredag ettermiddag at ein bil er involvert i ei trafikkulukke i Stigedalen.

Denne bilen fekk seg ein tøff ttur før den stoppa i bekkefaret.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Bilen som på spektakulært vis køyrde av vegen like før avkøyrsla til skytebanen i Stigedalen, kom oppover mot Stigedalen frå Eid/Hjelle. Før føraren nådde toppen på bakken, har føraren mista kontroll og køyrt av vegen på eit flatt parti. Etter å ha kome utfor riksvegen, har bilen kome inn på den gamle vegen som går parallelt med riksvegen, hoppa over ein liten bekk, og følgt den gamle kjerrevegen til bilen har stoppa i eit skogholt.