Stad er oransje på kartet

Fem positive prøver

Helse Førde melder om fem nye positive prøver etter at 290 prøver vart analysert.

Så langt denne veka har Helse Førde meldt om ti positive prøver.   Foto: ILL.FOTO

Nyhende

Helse Førde analyserte torsdag 290 prøver og fem av dei er positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal fredag morgon. Dei fem positive prøvene skal vere tatt i Stad og i Bremanger.

Helse Førde analyserte torsdag 290 prøver og fem av dei er positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal fredag morgon. Dei fem positive prøvene skal vere tatt i Stad og i Bremanger.

Torsdag ettermiddag meldte Stad om at ein ny person hadde fått stadfesta covid-19 etter testing på Nordfjordeid onsdag. Denne personen er husstandsmedlem til ein person som tidlegare har fått stadfesta covid-19 og har vore i karantene sidan tysdag kveld. Den smitta personen er elev i 7B på Nordfjordeid skule, og kan ha vore smittsam måndag og tysdag. Difor er elevar og lærarar i denne klassa sett i karantene og vert testa fredag morgon. Husstandsmedlemmar er i ventekarantene.


Elev koronasmitta på Nordfjordeid skule

Ein elev ved 7. trinn på Nordfjordeid skule er stadfesta koronasmitta i dag torsdag. Heile klassa går no ut i karantene, og parallellklassa skal i ventekarantene.


Prøvesvar har også stadfesta dei to smittetilfella som testa positivt gjennom hurtigtestar tidlegare i veka. Ifølgje Stad kommune var det ingen fleire positive prøvesvar, men torsdag vart rundt 90 personar testa på Nordfjordeid og desse prøvesvara er venta fredag kveld.

Oransje på kartet

Tala til VG viser også at tre personar i og frå Stad vart registrert stadfesta smitta av covid-19 i går. Totalt er det no 163 personar i og frå Stad som har vore registrert smitta. Stad har flat smittetrend viser pila, men er saman med Bremanger oransje på kartet. Årsaka til dette er at det i løpet av dei siste 14 dagane har blitt registrert ti smitta, noko som per 100.000 innbyggjar er 105,1.

Ti positive denne veka

Så langt denne veka har Helse Førde meldt om ti positive prøver. Desse skal vere tatt i Stad, Bremanger, Sunnfjord og Kinn. Dei siste åtte prøvetakingsdagane, mellom torsdag 29. april og torsdag 6. mai har Helse Førde analysert 1659 prøver og 17 av desse har vore positive. I løpet av denne perioden på åtte prøvetakingsdagar, er dagen med flest positive prøver torsdag 6. mai med fem positive.

Torsdag 29. april: 2 nye av 202 analyserte prøver

Fredag 30. april: 3 nye av 159 analyserte prøver

Laurdag 01. mai: 1 ny av 157 analyserte prøver

Søndag 02. mai: 1 ny av 43 analyserte prøver

Måndag 03. mai: 2 nye av 230 analyserte prøver

Tysdag 04. mai: 2 nye av 376 analyserte prøver

Onsdag 05. mai: 1 ny av 202 analyserte prøver

Torsdag 06. mai: 5 nye av 290 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ein koronapasient

Ifølgje Helse Førde sine tal er ein pasient med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehus i Helse Førde. Torsdag morgon vart det klart at ein pasient som har vore innlagd på Nordfjord sjukehus testa positivt onsdag. Det skal ikkje ha vore mistanke på covid-19 då pasienten vart lagt inn. Pasienten er overført til Førde sentralsjukehus. Det vart også klart torsdag at 16 tilsette i spesialhelsetenesta ved Nordfjord sjukehus er i karantene. Desse har anten fått første vaksinedose eller er uvaksinerte.


Tek imot pasientar som vanleg

Nordfjord sjukehus tek no imot pasientar som vanleg.



Inneliggande pasient testa positivt for covid-19

16 tilsette ved Nordfjord sjukehus i karatene

Ein inneliggande pasient ved Nordfjord sjukehus testa onsdag positivt for covid-19. Vedkommande vart innlagt sist måndag.


Karantene

Tala til Helse Førde fredag morgon viser at 13 av rundt 3000 tilsette i Helse Førde er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Fram til no har åtte tilsette i Helse Førde hatt stadfesta covid-19.