Tilsett ved Dagsenteret er smitta

Ein tilsett ved Dagsenteret ved Hogatunet på Nordfjordeid har fått stadfesta covid-19 etter testing måndag.

Ein person tilsett ved Dagsenteret ved Hogatunet har fått stadfesta covid-19.  

Nyhende

Onsdag morgon meldte Helse Førde om to positive prøver av 376 analyserte prøver. Desse to prøvene vart tatt i Stad og Sunnfjord kom det fram. VG sine oppdaterte tal viser også at ein ny person i Stad fekk stadfesta covid-19 i går.


Ei av prøvene som er positive er tatt i Stad

Helse Førde og VG sine oppdaterte tal viser at ein person frå Stad har testa positivt for covid-19.


No bekreftar Stad kommune at ein ny person i Stad har fått stadfesta covid-19 etter testing. Personen som er smitta er helsepersonell og tilsett ved Dagsenteret ved Hogatunet. Vedkomande vart vaksinert i mars med første dose av AstraZeneca-vaksinen.

Det skal vere ein sannsynleg smitteveg, og nærkontaktar vert sett i karantene og testa onsdag.

Dagsenteret ved Hogatunet held stengt inntil vidare, og brukarar ved senteret er fullvaksinerte, medan tilsette har fått første vaksinedose.

Det vert likevel gjort ei utvida kartlegging med testing blant brukarar og tilsette, melder Stad kommune.

Låg terskel å teste seg

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans