Ei av prøvene som er positive er tatt i Stad

Helse Førde og VG sine oppdaterte tal viser at ein person frå Stad har testa positivt for covid-19.

Ein ny person i Stad har fått stadfesta covid-19 etter at Helse Førde analyserte 376 prøver tysdag.   Foto: ILL.FOTO

Nyhende

Helse Førde analyserte tysdag 376 prøver og to av desse er positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal onsdag morgon. Dei to positive prøvene skal vere tatt i Stad og Sunnfjord. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

VG sine oppdaterte tal viser også at ein ny person i Stad fekk stadfesta covid-19 i går. Det er no totalt 160 personar i og frå Stad som har fått stadfesta covid-19.

15 positive

I løpet av dei åtte siste prøvetakingsdagane, mellom tysdag 27. april og tysdag 4. mai har Helse Førde analysert 1666 koronaprøver og 15 av desse har vore positive. Tysdag 27. april og fredag 30. april er dagane med flest positive prøver. Begge desse dagane har tre prøver vore positive. Tre av dagane har det vore ei positiv prøve.

Tysdag 27. april: 3 nye av 306 analyserte prøver

Onsdag 28. april: 1 ny av 193 analyserte prøver

Torsdag 29. april: 2 nye av 202 analyserte prøver

Fredag 30. april: 3 nye av 159 analyserte prøver

Laurdag 01. mai: 1 ny av 157 analyserte prøver

Søndag 02. mai: 1 ny av 43 analyserte prøver

Måndag 03. mai: 2 nye av 230 analyserte prøver

Tysdag 04. mai: 2 nye av 376 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 på sjukehusa i Helse Førde.

Onsdag morgon var det tre av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var heimeverande i karantene eller sjukemelde på grunn av korona. Talet på tilsette som har hatt stadfesta covid-19 er åtte.