To fekk fartsbot

Under ein laserkontroll UP hadde på Skauset på riksveg 15 i dag, vart det skrive ut to forenkla førelegg for for høgfart.

To bilførarar måtte punge ut etter å ha køyrt for fort i 80-sona på riksveg 15 ved Skauset.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Up hadde tysdag 4. april fartskontroll i 80-sona på riksveg 15 på Skauset i Stad kommune. To bilførarar måtte punge ut etter å ha køyrt for fort. Høgste fart vart mål til 90 kilometer i timen, melder UP.