To av prøvene er positive

Helse Førde melder om to nye positive prøver etter at helseføretaket analyserte 230 prøver måndag.

I løpet av dei siste åtte dagane har Helse Førde analysert 1472 prøver og 14 av desse har vore positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Helse Førde analyserte måndag 3. mai 230 koronaprøver og to av desse er positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag morgon. Dei to positive prøvene skal vere tatt i Sunnfjord. Helse Førde gjer ein alltid merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

14 positive

I løpet av dei siste åtte prøvetakingsdagane, mellom måndag 26. april og måndag 3. mai, har Helse Førde analysert 1472 koronaprøver, og 14 av dei er positive. Dagane med flest positive er tysdag 27. april og fredag 30. april med tre positive prøver. Fire av dagane har ei av prøvene vore positive.

Måndag 26. april: 1 ny av 182 analyserte prøver

Tysdag 27. april: 3 nye av 306 analyserte prøver

Onsdag 28. april: 1 ny av 193 analyserte prøver

Torsdag 29. april: 2 nye av 202 analyserte prøver

Fredag 30. april: 3 nye av 159 analyserte prøver

Laurdag 01. mai: 1 ny av 157 analyserte prøver

Søndag 02. mai: 1 ny av 43 analyserte prøver

Måndag 03. mai: 2 nye av 230 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Tysdag morgon er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde. Det var heller ingen innlagde pasientar med covid-19 måndag.

Ifølgje Helse Førde var det tysdag morgon åtte av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var heimeverande i karantene eller sjukemelde på grunn av korona. Talet på tilsette i Helse Førde som har hatt stadfesta covid-19 er åtte.