Naustsaka om tvangsmulkt

Har nedjustert tilrådinga til 100 kroner per dag

Utval for areal og eigedom var på synfaring i naustområdet sist tysdag.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Einingsleiar plan og forvaltning i Stad kommune, Svein Arne Tennebø Fure, opplyser i dag til Fjordabladet om at den tilrådde satsen for tvangsmulkt er 100 kroner per dag i saka om nausttomta på Midthjell. I det offentlege dokumentet som var utgangspunktet for Fjordabladet si sak i dag(tysdagsavisa), står det i tilrådinga frå kommunedirektøren at den tilrådde tvangsmulktsatsen er 350 kroner per dag. Fure forklarer at dette dokumentet kan dei ikkje endre på, fordi det er lagt ut elektronisk, men dei hadde i sine interne dokument nedjustert satsen i tilrådinga frå kommunedirektøren til 100 kroner per dag.

Dette gjeld frå eit eventuelt vedtak om tvangsmulkt er fatta og gjort kjent.


Strid om nausttomt – er ikkje nøgd med tilbakeføring

Kan få tvangsmulkt på 350 kroner per dag

Kommunedirektøren tilrår tvangsmulkt på 350 kroner per dag i samband med ei nausttomt på Midthjell.


Saka om tvangsmulkt stod på saklista til Utval for areal og eigedom førre tysdag, men vart utsett. Ny behandling er fastsett til ekstramøte komande veke.