Full fart i lamminga i Bjørnsgarden

I Nordre Bjørkedal driv Ann-Elin Haugland Bjørkedal (49) og mannen Anders (51) sauebruk med vel 50 lammesauer.

MARTE TRIVST MED LAMMING: I fritida blir det mykje tid i fjøsen under lamminga. Ho likar gardsarbeid, men siktar seg inn på ei utdanning innan paramedisin og jobb innanfor helse.  Foto: Per Ole Lefdalsnes

Nyhende

Lamminga har halde på ei stund, og ved månadsskiftet april – mai er det 13 av 54 søyer som ikkje har lamma. I alt reknar dei med å få rundt 120 lam, så det blir ein bra flokk på vel 170 dyr som skal til fjells når sommaren kjem. Om eit par veker skal dei i første omgang ut på innmarksbeite.