Paul Jacob Helgesen i Segel med prosjekt for betre sameksistens mellom fiskarar og fiskeoppdrettarar

Vil ha fiske nærare fiskeoppdrett

I dag er det ikkje lov å drive med fiske innanfor ei grense på hundre meter frå fiskeoppdrett. Å endre på denne lova vil skape eit auka potensial for fiskarar, trur Paul Jacob Helgesen i Segel.

I førre veke presenterte Paul Jacob Helgesen i Segel prosjektet «Sameksistensi praksis», korleis få til eit betre samarbeid mellom fiskeoppdrett, fiskarar og fiskeoppkjøparar. Til stades ved Måløy vidaregåande skule var representantar frå Mowie, lærarar ved skulen, regiondirektør for Fiskeridirektoratet, region Vest og fiskar Frank Jonny Johansen. Helgesen såg tidleg at næringsaktørane løfta problemstillinga kring konflikten fiskeoppdrett og fiskeri. Prosjektet «Sameksistens i praksis» er finansiert gjennom fiskeriforskingsmidlar og næringsaktørane. Havforskingsinstituttet er prosjektleiar, og i tillegg er Møreforsking og Nofima med. Nofima er leiande matforskingsinstitutt for akvakultur, fiskerinæringa og matindustrien. 

Elevane ved Restaurant og matfag ved Måløy vidaregåande skule laga mellom anna denne varianten av «Fish and chips». Slik fekk dei vist fram at sei kan lagast til på mange ulike måtar. 

Tor Erik Korneliusen (t.v.) og Emil Linder er elevar ved programfaget Fiske og fangst, og fekk smake på sei tillaga på ein litt annleis måte. Dette skjedde i førre veke på Måløy vidaregåande skule. 

Maren Sem Johnsen og Angelique Eide Humborstad var med å laga til seien som elevar og inviterte fekk smake på. 

Frank Jonny Johansen har vore fiskar heile sitt vaksne liv, først med eigen båt, seinare som tilsett ved ein større båt. Han har tru på at ein kan få god fangst nærare fiskeoppdrett, men stiller seg kritisk til om driftsleiar ved anlegget vil ta på seg ansvaret med fisking innanfor sona på 100 meter. Han trur også at det vil bli mykje ekstra papirarbeid for fiskarane.  

Elevane ved Fiske og fangst i Måløy håpar på ei framtid på ein større båt med regulert arbeidstid, og trur ikkje fiske nær oppdrettsanlegg kan bli aktuelt for dei.  

Nyhende

Helgesen har gjennomført eit prosjekt der han har sett på mogelegheitene for å få drive med fisking nærare fiskeoppdrett. Bakgrunnen er at det kring desse oppdretta samlar seg mykje fisk, og kan vere ein gunstig plass for å få større fangstar.

–Dette er eit prosjekt der vi vil prøve å få til sameksistens i praksis, å få fiskeri og havbruk til å fungere saman, seier Helgesen som har gjennomført praktiske forsøk i samarbeid med oppdrettsnæringa og fiskarar for å teste ut fisking innanfor denne grensa på hundre meter.

Bra fiskeplass

Rundt fiskeoppdrett samlar det seg også villfisk som er ute etter fôrrestar frå anlegget, og lever av mindre dyr som også søkjer mot slike anlegg. Det blir også hevda at byttedyr og villfisk søkjer mot lyset i fiskeoppdrettet. Dermed har det tradisjonelt vore meir fisk kring desse anlegga enn andre stadar, og dermed ein potensiell bra fiskeplass.

Vil ha lovendring

–Vårt mål er å få til ei lovendring slik at ein kan få løyve til å fiske innanfor hundre meter, utan at ein må ha dispensasjon frå regelverket. Då må vi samarbeide med Fiskeridirektoratet for å få til ei endring her, seier Helgesen som trur dette vil vere gunstig med tanke på sameksistens og betre samarbeid mellom fiskarar og oppdrettsnæringa.

Fokus på tryggleik

Helgesen seier vidare at fisking nærare eit anlegg må ha tryggleik i fokus.

–Det er viktig at både oppdrettsnæringa og fiskarane er involvert i korleis eit slikt fiske skal føregå, det kan ikkje vere til fare for oppdrettsnæringa, understrekar Helgesen som onsdag i førre veke inviterte personar frå oppdrettsnæringa, fiskarar og fiskekjøparar til ei samling på Måløy vidaregåande skule. Der han orienterte om arbeidet med prosjektet, samt inviterte deltakarane på å smake på sei som er blitt fanga berre ti meter frå Mowie sitt oppdrettsanlegg på Rundereim i Stad kommune. Det var elevar ved programfaget Restaurant og matfag som hadde laga til ulike rettar av denne fisken.

Seien som blei servert var fiska med teine nær anlegget på Beitveidt, midt mellom Borgundvåg og Leikanger. Tidlegare har det vore påpeika at denne fisken er blitt overfôra og dermed for blaut i kjøtet. Men nye metodar for fôring gjer til at mindre fôr slepper gjennom nota og ut til villfisken, slik at den ikkje blir så sprengfôra som tidlegare, og dermed ikkje får ein så unaturleg rask vekst. I alle fall var denne seien godkjend av faglærar ved Restaurant og matfag ved Måløy vidaregåande skule, Bente Iren Vonheim.

–Denne fisken er absolutt tilfredsstillande når det gjeld fastleik og godt brukande til både frityrsteiking og baking i omnen mellom anna, sa Vonheim på kjøkkenet ved skulen på onsdag, der elevane var i full sving med å filetere fisken og vidare arbeid for å få den på serveringsfatet. Helgesen har som mål at betre sameksistens vil skape mindre konflikt mellom fiskerinæringa og oppdrettarar.

–Gjennom fleire år har desse to næringane vore i konflikt om dei same areala ved kysten. Vi vil med dette prosjektet vise at det finst ei framtid saman, seier Helgesen som også peikar på at dette vil vere ei endring som støttar bruk av lokale matressursar.

–I ei tid med fokus på lokal mat og kortreist mat vil dette vere eit ledd i å utnytte dei ressursane som finst ved vår eigen kyst. Det vil også kunne føre til større leveransar til lokale fiskeoppkjøparar, og vere med på å halde liv i den næringa, seier Helgesen.


Kan bli mykje papirarbeid

Fiskar Frank Jonny Johansen trur det blir mykje reglar å forhalde seg til, og mykje papirarbeid for å få fiske innanfor grensa på 100 meter.

Johansen understrekar at det kan vere gunstig å fiske nærare grensa på hundre meter rundt oppdrettsanlegg. Men han trur at det blir for mykje ekstra arbeid for fiskaren, for å få på plass fiskeløyve.

Stort ansvar for oppdrettar

Johansen trur også at det kan bli vanskeleg å få oppdrettarar å vere med på ei slik ordning.

–Til slutt er det driftsleiar ved anlegget som sit med ansvaret. Ved å sleppe fiskarar så nær kan det dukke opp spørsmål ved sjukdom og rømming til dømes. Hadde denne fiskaren noko med dette å gjere?, er spørsmål som er naturleg å stille ved ei slik negativ hending. Eg trur dette kan bli eit stort ekstra ansvar for ein driftsleiar ved anlegget å ta på seg, seier Johansen som også påpeikar at det blir stadig lengre mellom fiskarar som eig sin eigen mindre sjark, og driv med fiske i fjorden og nære kyststrok.

Mykje arbeid

–I dag blir det stadig strengare krav til å halde båten i god stand for fiskarar med eigen båt. Dette gjer det dyrare, meir utgifter og vanskelegare for fiskaren. Og skal du tene bra med pengar må du jobbe lange dagar og ha fiskinga som ein livsstil. I dag er ikkje folk villige til å også ofre fritida for å leve godt på fiskeriet. Dei unge vil vere tilsette på større båtar med regulert fritid, der ein kan vere på land i lange periodar, seier Johansen som sjølv hadde sin eigen fiskebåt frå 1992 til 2010, men blei tilsett ved ein annan båt frå den tid.

–Eg tener i alle fall det same i dag, men har meir fritid, seier han som likevel vil understreke at det kan vere godt fiske i nærleiken på fiskeoppdrett.

–Det er ulikt syn mellom fiskarar om oppdrettsanlegg øydelegg for fiskerinæringa. Nokre plassar kan ein sjølvsagt kjempe om det same arealet, men for meg har det ikkje vore noko hinder, seier fiskaren som opplyser at betre kontroll på fôringa har redusert faren for sprengfôring av villfisk.

–For rundt ti år sidan kunne ein få fisk der magen var full av fôr frå eit anlegg, fisken blei blaut og oppkjøparar ville ikkje ha den. No er det langt mindre slik fôr i villfisken, fordi næringa har fått langt betre kontroll på fôringa, seier Johansen.


Vil på autolinebåt

Elevane ved Fiske og fangst ved Måløy vidaregåande skule håpar på jobb på ein autolinebåt. Å drive fiske frå eigen båt er lite aktuelt.

12 elevar frå programfaget Fiske og fangst ved Måløy vidaregåande skule var til stades då Paul Jacob Helgesen orienterte om prosjektet «Sameksistens i praksis». Men dei seier at det for dyrt å kjøpe sin eigen båt, samt at det kostar å skaffe seg kvotar.

–Vi ønskjer på få jobb på ein større båt, slik som ein autolinebåt. Då får ein regulert arbeidstid og tener bra med pengar. Og så slepp ein å ta opp lån for å finansiere sin eigen båt, sa elevane som ikkje seg føre seg at dei skal drive fiske rundt oppdrettsanlegg i framtida.