Fjelltrimløp må avlyse i år

Stadlandet Rett Vest 2021 vert avlyst i år.

Stadlandet Rett Vest vert ikkje arrangert i mai i år.   Foto: Stadlandet IL

Nyhende

- Stadlandet idrettslag må dessverre avlyse årets fjelltrimløp som skulle ha vore arrangert 29. mai. Dette er grunna usikkerheit og dei avgrensingane nasjonale føringane set i høve koronapandemien for denne type store arrangement, opplyser Lars-Helse Honningsvåg i Stadlandet IL i ei pressemelding.