Ei ny positiv prøve

Måndag morgon melder Helse Førde om ei ny positiv prøve etter at 43 prøver vart analysert.

I løpet av dei siste åtte prøvetakingsdagane har 13 av 1389 analyserte prøver vore positive.   Foto: ILL.FOTO

Nyhende

Søndag analyserte Helse Førde 43 prøver og ei av desse er positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal måndag morgon. Den positive prøva skal vere tatt i Sunnfjord. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Siste åtte dagane

I løpet av dei siste åtte prøvetakingsdagane, mellom søndag 25. april og søndag 2. mai, har Helse Førde analysert 1389 prøver og 13 av desse har vore positive. I løpet av denne perioden er dagen med flest positive prøver tysdag 27. april og fredag 30. april med tre positive prøver. Fem av dagane har ei prøve vore positiv.

Søndag 25. april: 1 ny av 147 analyserte prøver

Måndag 26. april: 1 ny av 182 analyserte prøver

Tysdag 27. april: 3 nye av 306 analyserte prøver

Onsdag 28. april: 1 ny av 193 analyserte prøver

Torsdag 29. april: 2 nye av 202 analyserte prøver

Fredag 30. april: 3 nye av 159 analyserte prøver

Laurdag 01. mai: 1 ny av 157 analyserte prøver

Søndag 02. mai: 1 ny av 43 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine tal er det måndag ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Måndag morgon er det ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som er heimeverande eller sjukmelde på grunn av korona. Talet på tilsette som har hatt stadfesta covid-19 er åtte.