– Det går nok eitt par veker å venje seg til nye omgjevnadar

Torsdag i førre veke var den store flyttedagen for bebuarane i Fossevegen Bufellesskap. Etter to år på gamle Eid Sjukeheim, fekk dei flytte tilbake til nyrenovert bygg.

Fann seg fort til rette: Karen-Marie Kjøsnes og Brita Rye fann seg fort til rette. Det var ikkje snakk om noko middagslur etter raspeball-middagen. Dei to damene som vart konfirmerte på same dag i 1944 var godt nøgde med å kunne flytte inn i nyrenoverte rom. – Vi likte oss veldig godt på sjukeheimen. På mange måtar var det litt vemodig å flytte tilbake, sa dei to då Fjordabladet fekk audiens på sjølvaste flyttedagen.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Politikarane i Eid kommune vedtok for nokre år tilbake ombygging av Eid Eldretun (Fossevegen Bufellesskap). I utgangspunktet var det solskjerming og nytt ventilasjonsanlegg, ein heller liten jobb det var snakk. Etter kvart bestemte politikarane i Eid ei langt større ombygging av kjellaretasjen som skulle bli base for heimetenestene. Med ombygginga ønskte ein samle heimetenesta på ein plass for å få ei meir effektiv drift, og får betre plass på Eid rådhus. Bebuarane på eldretunet kunne ikkje bu på ein anleggsplass, og det vart derfor bestemt at 11 bebuarar skulle flytte til gamle Eid sjukeheim, der det var ledige rom etter at Hogatunet Bu og Behandlingssenter vart teke i bruk i 2017. I utgangspunktet skulle opphaldet på sjukeheimen berre bli nokre månader, etter flyttinga til sjukeheimen i mai 2019. På eit tidleg tidspunkt vart det sagt at dei iallfall skulle få flytte tilbake på Eid Eldretun før jul 2019. Opphaldet skulle bli ein del lenger, nesten to år.