- Vi har farga KrF-programmet! 

Dei to første på KrF-lista i Sogn og Fjordane er Tore Storehaug, og Trude Brosvik 

Nyhende

Du kan trygt stemme KrF til hausten, for etter dette landsmøtet, så har KrF eit fantastisk program for deg som bur i distriktet, som er oppteken av familie, eldreomsorg eller landbruk og næringsliv.

Landbruk

Særleg er vi stolte over det gjennomslaget Vestland KrF fekk for landbrukspolitikken med ma investeringspakke for melkebruk under 30 kyr, fond for investering i klimaomlegging, 50% sjølvforsyning korrigert for forimport, og å styrke konkurransetilsynet med daglegvarebransjen slik at lova om god handelsskikk vert følgt.

Familie

Det er ingen tvil om at KrF satsar hardt på familiepolitikken! Vi vil gje familiane valfridom. Derfor gjer vi den tredelte foreldrepermisjonen meir open, aukar permisjonen, foreslår 6-timersdag med lønskompensasjon til barnet er to år og ei ferieveke ekstra til småbarnsforeldre. Samtidig held vi på viktige tiltak som vi er i gang med, som auka barnetrygd, aukar eingongsstønaden, fritidskort-ordninga for å nemne noko. Vi har sterk tru på at born som opplever ein trygg og god start i livet, vert sterkare rusta seinare. Det er godt for dei det gjeld, og ikkje minst for samfunnet!

Eldre og omsorgstrengane

Vi fekk gjennomslag for «avlasting på resept», som vil sikre at eldre som «pleier» eldre får rett, via fastlegen, på den avlastinga dei treng, det vere seg støttekontakt eller oftare kortidsopphald. I tillegg vedtok KrF ei «pårøande-støtte» som kan vere ei økonomisk hjelp i dei familiane der nokon må trappe ned jobben for å klare omsorga i heimen. Ingen av desse ordningane skal gå på bekostning av det offentlege helsetilbodet eller det kommunen må gje av heimesjukepleie. Men vi vil at den skjulte hjelpa pårørande gjer skal fram i lyset og anerkjennast, fordi uten den vil dekninga av omsorgstenester kollapse.

Samferdsel

Aldri eit KrF-landsmøte uten sterkt trykk på samferdsel! Og sjølv om KrF har samferdselsministeren og regjeringa har lagt fram ein NTP som styrkar fylkesvegbudsjettet meir enn nokon gong, så vedtok vi sterkare satsing på rassikring, vedlikehald av fylkesvegar og trygge skulevegar.

Klima og naturmangfald

Det var stor debatt om omlegging til grønn industri og vidare olje- og gass industri. KrF gjorde klimakloke vedtak der vi stenger for nye leiteområde for olje, men vidareutviklar dei modne felta samtidig som den fantastisk dyktige oljenæringa og leverandørindustrien langs kysten er dei som kan ta oss inn i nullutslepps-samfunnet på ein sikker og god måte.

Vindkraft har vore eit stort tema og KrF gjorde vedtak som gjev kommunen makt til å bestemme om dei vil ha vindkraft i sitt område. Vedtaket er slik: "Stramme inn behandlingen av vindkraftkonsesjoner, og styrke den lokale og regionale forankringen. Vindkraftprosjekter skal være ønsket av vertskommunene, og ha begrensede konflikter mot urørt natur og andre næringsinteresser."

Vestlandsdelegasjonen

Sjølv med digitalt landsmøte var det kjekt å vere del av ein stor og aktiv Vestlandsdelegasjon. Vi hadde på førehand sendt inn 98 programforslag, og då landsmøtet var slutt hadde vi fått gjennomslag for 66 av dei! Det seier noko om å vere relevante og bli lytta til. Det var også tydeleg at Tore Storehaug, som er stortingsrepresentanten frå Sogn og Fjordane står sterkt i partiet. Det er stor grunn til å stemme KrF og Tore til hausten!