Satsar på å skli rett inn

OPTIMIST: Anfinn Sjåstad frå Stadlandet står på topp på Frp si stortingskandidatliste.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

I supermålinga til NRK nyleg fekk Frp 8,6 prosent oppslutnad i Sogn og Fjordane. Toppkandidaten til Sogn og Fjordane Frp, Anfinn Sjåstad peikar på at dette er den beste oppslutnaden sidan valet. Han innser at sjansen for at Frp får eit utjamningsmandat er minimal, så han satsar i staden tungt på å kome rett inn via direktemandat. Og den valkampsaka som han vil køyre tungt på er samferdsle. Også eigedomsskatt og pensjonistane sine kår er saker som han og partiet er brennande engasjert i.