Ringverknader av Stad Skipstunnel

Åge Starheim   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Eg vart vald inn på Stortinget i 2005. Mitt høgste ønskje og mål som Stortingsrepresentant var å arbeide for å mulig påverke til at det skulle verte bygd ein skipstunnel gjennom Stadhalvøya. Eg nytta alle høve til å prate fram tunnelen. Eg fekk svært god hjelp av Frp sine medlemmar i Samferdslekomiteen, ikkje minst Arne Sortevik. Sortevik greidde kvart år sidan 2005 å få med seg representantane frå Krf og V og etterkvart Høgre til å innarbeide merknad i komiteen sine budsjettmerknadar, der desse stilte krav til den rød-grønne regjeringa å løyve statlege midlar til å bygge skipstunnelen. Eg vil hevde at arbeidet Sortevik gjorde, resulterte i at den rød-grønne regjeringa i sitt siste statsbudsjettforslag, før dei tapte valet, løyvde midlar til tunnelen. Eg vil og berømme Svein Gjelseth frå AP som greidde å snu stortingsgruppa i AP til å verre positiv til tunnelen. Det gjorde at i dette statsbudsjettet vart det løyvt midlar til tunnelen. Gjelseth og eg hadde eit svært godt samarbeid om tunnelen. Sidan har ballen rulla til der vi er i dag, med byggestart av tunnelen våren 2022.

Eg flytta til Selje i 1967. På denne tida arbeidde det 260 personar på Selje Skjortefabrikk og Selje Bruk. Sidan 1967 har Selje mista kanskje fram mot 300 arbeidsplassar. Dette er innan industri, reiseliv, offentleg forvaltning, handel og service, bank, jordbruk og fiskeri. I dei siste 10 åra har det også vore gjennomført lite offentlege investeringar. Dette er dokumentert i rapporten som Torfinn Myklebust har utarbeidd, som viser eit etterslep på vedlikehald av offentlege bygningar i «gamle Selje» på over 200 mill. kroner. Resultatet ser vi igjen i befolkningstala i denne delen av Stad kommune, som viser eit stadig synkande folketal, Konsekvensane er også stor ubalanse i aldersamansetninga, der ein større del av innbyggjarane er eldre og det manglar ungdom i bygdene. Dette får også store utslag for skulane, der elevtala har gått drastisk ned.

Eg vil påsta at eg med dette ikkje kan verte skulda for å snakke ned vår del av Stad kommune. Bevisa er tydelege. Dersom det ikkje vert gjort forsøk på å snu denne trenden, vil det ikkje gå lenge før eksistensgrunnlaget har passert ei grense som vert umulig å klare å rette opp. Eg meiner det er av heilt avgjerande betydning at politikarane og administrasjonen no føretek grep, for å medverke til at ytre del av Stad kommune kan kome over i positiv utvikling.

Å få positive ringverknadar av Stad Skipstunnel er heilt nødvendig, dersom ein skal kunne snu den negative utviklinga som Selje har vore i dei siste 30 åra. Då trengs det politikarar med evne og mot til å føreta val som kan utvikle tilgang på område for industri, fiskerihamn og kai, og å etablere tilfredsstillande hamn med servicetilbod for å få den enorme småbåttrafikken nord/syd som vil kome når skipstunnelen er ferdigbygd til å stoppe i Selje. Etter mitt syn er det områda i Lestovika, på Berge og på Årsheim som egner seg best til dette.

Ordførar Alfred Bjørlo har vist evne og mot til å gjennomføre utvikling for Eid, som har gjort Eid til eit handelssenter, samtidig som det andre næringslivet har hatt rikeleg tilgang på areal for å kunne utvikle seg positivt. Bjørlo har gått i spissen og fått dei andre politikarane og administrasjonen i Eid kommune til å tore å satse friskt i riktig retning. Eg vil no be Bjørlo, som ordførar i Stad kommune vise den same evna og det same motet til å skjære gjennom å syte for at dei riktige områda i Moldefjorden og på Årsheim vert regulert som utfyllingsområder, og dermed snu den negative trenden som har vore i vårt område.

Det er mange kritiske røyster til kost/nytte effekten til skipstunnelen. Det er mange som har stått på for å realisere tunnelen. No vonar eg at dei som set i det politiske førarsete, syter for å få den effekt ut av tunnelen som vi alle håpar på. Dette er etter mitt syn det einaste som kan medverke til at nokon kan vere villige til å føreta investeringar, som vil skape positiv framtid i Selje.