Får pengar til krans i Selje

Stad kommune vil betale for krans i samband med minnemarkeringa i Selje.   Foto: arkiv

Nyhende

Formannskapet går inn for at Stad kommune skal dekkje kostnader med markering over falne seljeværingar ved bautaen 17. mai.

Det er 17.-maikomiteen i Selje som har søkt om støtte for å heidre dei frå Selje som omkom under krigen medan dei gjorde ein innsats for eit fritt Norge. Komiteen meiner at det er viktig at ein stadig minner den oppveksande slekt på at nokon har ofra livet for at vi skal kunne leve i eit fritt land. Krans i samband med markeringa har tradisjonelt vore dekt av Selje kommune. Ein slik krans kostar om lag 1500 kroner.