Får 10.000 kroner i støtte til streaming

Arkivfoto frå opptog i samband med hingsteutstillinga slik den vanlegvis går føre seg utan korona. 

Nyhende

Stad formannskap har vedteke at kommunen løyver 10.000 kroner i støtte til digital streaming av Hingsteutstillinga 2021.

Det er Norges Fjordhestlag som har bede om støtte til å streame gjennomføringa av det dei karakteriserer som eit svært viktig arrangement for fjordhesten, Nordfjordeid, Stad kommune og dessutan Vestland Fylke.


Det blir hingsteutstilling i år

Norges Fjordhestlag kunngjer no at det blir hingsteutstilling på Nordfjordeid i mai i år - men utan publikum.