Ei ny positiv koronaprøve

Nyhende

Helse Førde sine oppdaterte tal for koronatesting i dag, 2. mai klokka 08.00, viser at det i går var berre ei ny positiv prøve av i alt 157 analyserte prøver. Prøvetakingskommune for ny positiv prøve er Hyllestad.

Det er framleis ein person som er innlagt på sjukehus i Helse Førde med stadfesta covid-19-smitte.

Slik ser dei 8 siste dagane ut når det gjeld prøvesvar i Helse Førde:

Laurdag 24. april: 5 nye av 217 analyserte prøver

Søndag 25. april: 1 ny av 147 analyserte prøver

Måndag 26. april: 1 ny av 182 analyserte prøver

Tysdag 27. april: 3 nye av 306 analyserte prøver

Onsdag 28. april: 1 ny av 193 analyserte prøver

Torsdag 29. april: 2 nye av 202 analyserte prøver

Fredag 30. april: 3 nye av 159 analyserte prøver

Laurdag 01. mai: 1 ny av 157 analyserte prøver

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.