Bråk frå bilar og tung bass i Stryn

Politiet i Vest melder om festbråk mange stadar i politidistriktet, og også i Nordfjord kom det inn eit par meldingar om forstyrring av natteroa.

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Kring midnatt var det bråk frå bilar og tung bass i Stryn. Ifølgje politiet var det der ein del russ og bilar frå rånemiljøet som var samla. Ein patrulje tok turen og fekk spreitt forsamlinga og dempa musikken.

Også i Måløy var det fest. Her kom det melding om feststøy kring klokka eitt om natta. Politipatruljen tok turen og bad om at musikken vart dempa.