Bjørka er sein i år

Bjørka burde vore godt i gang med å kle på seg den grøne drakta no på denne tid.   Foto: Per Ole Lefdalsnes

Nyhende

Det er eit særsyn at bjørka er så brun 1. mai. April har vore uvanleg kjølig i år. Bjørka skulle ha vore grøn og fin no, men er eit par veker seinare enn den har vore på mange år.

Ikkje mykje grønt å sjå her i Lefdal, som normalt er tidleg ute..  Foto: Per Ole Lefdalsnes

Men påskelinjene lyser opp i hagane og på bøane.

Tidleg påske og sein vår i år. Påskeliljene står fint og pyntar opp i maikulden.   Foto: Per Ole Lefdalsnes

Sjeldan har vel påskeliljene treft påska så dårleg som i år. Men no ein månad etter påske står dei endeleg i full blomst.