Utsette sak om sal av areal ved Leikvang barnehage

Leikvang barnehage. 

Nyhende

Utval for areal og eigedom utsette å behandle søknad frå Jarle Honningsvåg om kjøp av areal ved Leikvang barnehage. Bakgrunnen for utsetjinga er at politikarane meiner at saka må handsamast i FAU før politisk handsaming. Arealet som er omsøkt er på 200 m2 og er regulert til Område for allmennyttige formål - Barnehage. Det omsøkte arealet ligg i grensa mellom søkjar og den kommunale barnehagen. Tilrådinga frå kommunedirektøren er at naboen skal få kjøpe arealet for 20 kroner per m2.