Meiningar

- Ulikheit er gift for eit samfunn

Her kan du lese 1.mai-talen som varaordførar i Stad kommune Siri Sandvik(Ap) heldt på eit arrangement på Stryn vgs i dag. Arrangør var Stryn Ap, LO Nordfjord og Stryn Raudt:

Siri Sandvik heldt 1.maitale i Stryn. 

Nyhende

Fin ramme rundt 1.mai-markeringa

Det var ei fin ramme rundt den enkle markeringa med blomenedlegging ved Sørgende mor på Plassen i dag.


«Kjære alle saman. Gratulerer med dagen, og takk for at eg får vere med å feire i lag med dokke.

Heilt sidan 1889 har 1. mai vore arbeidarrørsla sin internasjonale solidaritetsdag. Det er lenge sidan.

På desse over 130 åra har verda blitt betre.

I land der den sosialdemokratiske arbeidarrørsla tidleg fekk styring over samfunnsutviklinga – som i Norge - har livet og kvardagen for vanlege folk endra seg fundamentalt.

Likevel ser vi at nokre motsetningar i samfunnet består.

Motsetningar mellom høgrekreftene og arbeidarrørsla.

Mellom dei som fører ein politikk som trekk i retning av større forskjellar i samfunnet.

Og dei som ønsker sterkare fellesskap.

Det minner oss om at arbeidarrørsla aldri kan sove på si vakt, men tvert i mot må være vakne, framoverlente og tydelege på sine verdiar, tydelege i sine krav.

For Arbeidarpartiet og sosialdemokratiet er det verdiar som ligg fast:

Fridom – Mellom anna økonomisk fridom. Å ha arbeid. Vere til nytte, oppleve meistring. Ha inntekt, å utvikle seg.

Likskap – Å syte for at folk får likeverdige muligheter og likeverdige tilbod uavhengig av kven dei er eller kor dei kjem frå. Å bidra til små forskjellar i samfunnet. Det er rettferdig. Og det er smart.

Solidaritet – Med dei som ikkje har like mykje som ein sjølv. Med dei som ikkje klarer å ta kampane åleine. Med dei som kjem etter oss.

Verdiane er kompasset vårt. Så lenge vi veit kor vi skal, er det ikkje så vanskeleg å navigere.

Målet for sosialdemokratiet vil alltid vere å gjere folk sitt liv litt betre, og å ha små forskjellar. Vi kan vere pragmatiske med tanke på verkemiddel, men målet må alltid vere klart.

Betre kvardag.

Tryggare framtid.

Sterkare fellesskap.

På landsmøtet for nokre veker sidan vedtok Arbeidarpartiet kva vi vil gå til valg på no til hausten, med tre hovudsaker:

Arbeid til alle.

Sterkare velferdsstat.

Rettferdig klimapolitikk.

Arbeid til alle vil alltid vere jobb nr. 1 for Arbeidarpartiet.

Fordi trygghet for arbeid og trygghet i arbeid er så viktig.

Gjennom koronapandemien har butikktilsette, reinhaldarar, lærarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og mange andre fått velfortent klapp frå balkongar og skryt i sosiale medier.

Men dette er ikkje nok. Vi treng å endre politisk kurs. Mange av dei vi har klappa for lever urolege og usikre liv. Liv med mobiltelefonen i handa, med fleire arbeidsgjevarar. Som lurer på om dei får nok vakter. Nok til å betale rekningane sine.

Vi står i ei deltidskrise.

Ei krise som rammar kvinner hardast, som påverkar likestillinga.

Ei krise som hindrar mange arbeidsfolk og familiar å leve frie liv.

Slik korkje kan eller skal vi ha det i Norge.

Mykje deltidsarbeid er negativt for den tilsette og for dei som mottek tenestene, det går utover kvaliteten.

Det siste året har vi i tillegg sett korleis jakta etter heil stilling, med ei løn å leve av, gjerne med fleire arbeidsgjevarar – også kan utgjere ein smitterisiko.

Arbeidarpartiet vil styrke retten til heil stilling.

Vi vil setje oss ned med partane og lage ein forpliktande plan for heiltidssatsing i Norge.

Der normen for utlysing er heile og faste stillingar.

Slik at dei som ønsker det kan få jobbe heiltid.

Vi vil snu bevisbyrden i lovverket og plassere ansvaret der det høyrer heime, hos arbeidsgjevar.

For det er mulig å gjere noko med deltidsproblematikken. Å få ein sterkare heiltidskultur.

For vi som sosialdemokratar overlet ikkje dette ansvaret til den enkelte.

Nei, vi vil bruke den norske modellen til å bygge ein heiltidskultur – der ein stiller opp med økonomi, forventningar og krav.

Fordi vi treng at folk er i arbeid og brukar kompetansen sin. Så vi kan løyse alle dei store oppgåvene som kjem.

Slik kan vi sikre og bygge ut ein sterkare velferdsstat.

Arbeidarpartiet er eit parti av og for arbeidsfolk.

Vi høyrer ofte at det er oljen som er vårt gull. Og oljen er gull.

Men det største og mest verdifulle gullet for landet vårt er folk i arbeid. Om vi fekk 50 000 fleire i arbeid, ville det gi rundt 20 milliardar meir i inntekter til staten, det ville gi rom for mykje velferd det.

Alle som vil og som kan må vi få inn i arbeidslivet. Vi treng alle sine bidrag, både dei som kan bidra mykje og dei som kan bidra berre litt.

Dei neste tiåra vil vi mangle titusenvis av fagarbeidarar. Innanfor handverksfaga, eldreomsorga, helsevesenet, og ei rekkje andre næringar.

Dette var kjent også før koronapandemien. Men det siste året har vi sett kor sårbare vi er når grensene vert stengde. Oppgåver som ikkje kan bli løyste, produksjon som må stoppe opp, beredskap som vert svekka – fordi vi ikkje har nok av kompetansen her hos oss.

Slik kan vi ikkje ha det.

Vi må sikre at vi får utdanna fleire fagarbeidarar. Det er dei som skal løyse mange av dei viktige oppgåvene framover.

Ta vare på våre eldre og andre når dei treng det. Bidra i utvikling av bedrifter og produkt. Spele ei nøkkelrolle i klimaomstillinga.

Løyse små og store oppgåver for samfunnet. Alle viktige.

Flinke fagarbeidarar er avgjerande for å sikre at vi jobbar smartast og mest mogleg effektivt.

For å oppretthalde tilliten og gode arbeidsvilkår i vårt arbeidsliv.

Vi skal aldri satse på lønnsdumping eller midlertidighet – vi skal tvert i mot lukkast på grunn av vår felles kunnskap og vår samfunnsmodell.

Arbeidarpartiet vil difor legge fram ei brei satsing for å utdanne alle dei fagarbeidarane som Norge treng.

Ei satsing som gir ein meir praktisk skule, der barn kan få kunnskap inn gjennom å jobbe med hendene.

Som lettar skulegangen for dei som strevar med teori og det å sitje stille.

Som kan vekke interessa for yrkesfag hos fleire, og gi alle ei grunnleggande forståing for praktisk arbeid.

Dette krev prioritering.

Vi må legge til rette for at alle skular har tilgang på sløydsal, skuleverkstad og andre aktuelle læringsarenaer. Vi vil innføre «praktiske ferdigheter» som ein sjette grunnleggande ferdighet.

Skal vi lukkast med eit fagarbeidarløft må vi sikre at dei som startar utdanninga fullfører. Vi har ikkje råd til at nokon fell frå eller utdannar seg til yrke der det ikkje er læreplassar eller arbeidsplassar.

Difor vil vi innføre ein læreplassgaranti. Eit samspel mellom stat, fylkeskommune og arbeidslivet. Der det er realistisk å få læreplassar må skulen gi ungdom skuleplass. For å realisere læreplassgarantien stiller vi opp med ein yrkesfagmilliard dei neste fire åra. Vi finansierer vårt løfte – vi stiller ikkje berre krav.

Men ein læreplassgaranti er ikkje vellukka om ungdomen ikkje fullfører læretida og består. Arbeidarpartiet vil sikre ungdomen god og riktig oppfølging i overgangen frå skulen til arbeidslivet og vaksenlivet. Skulen sitt oppdrag kan ikkje avsluttast sjølv om elevane går over til læretid. Vi må sikre at samspelet skule, opplæringskontor og lærebedrift fungerer.

Vi skal ikkje lenger berre vente å sjå – no skal vi ta grep. For det veit vi at verkar.

I påska såg vi bilder frå køen utanfor Fattighuset i Oslo, med hundrevis av menneske. Slikt gjer inntrykk, også på oss her på bygda.

Ulikhet er gift for eit samfunn.

Åtte år med ei Høgre-styrt regjering har auka forskjellane mellom folk i Norge.

Dei rike dreg i frå, dei med lite frå før får det enno strammare.

Dette er ikkje noko som berre skjer. Det er eit resultat av politiske valg og politiske prioriteringar.

Usosiale kutt som ofte rammar svake og utsette grupper.

Kutt i barnetillegg til uføre.

Kutt i brillestøtte til barn.

Kutt i grunnlaget for dagpengar.

Auka eigenbetaling ved helsehjelp.

No vert også sjukelønsordninga utfordra. Sjukelønsordninga er den ordninga som gjer at vanlege folk har råd til å halde seg heime når dei er sjuke, noko vi særleg har erfart kor viktig er no under pandemien.

Skattelette til dei få på toppen med mest frå før gir mindre til omfordeling. Mindre til velferd, til skule, til eldreomsorg, til helse – alt det som velferdsstaten skal stille opp med.

Men det er ikkje vist å gi fleire arbeidsplassar.

7 av 10 nordmenn seier at dei økonomiske forskjellane er for store.

Det er klar tale. Sosiale forskjellar kan sjå ut til å bli ei av dei viktigaste sakene i årets valkamp. Dette er godt nytt for oss på venstresida, fordi vi har både politikk og fokus på nettopp å redusere forskjellane mellom folk.

Difor må vi no verne om noko av det finaste ved landet vårt.

At vi er eit land med små forskjellar, med høg tillit, og med muligheter for alle.

Vi må velge fellesskapet heller enn forskjellssamfunnet.

Koronapandemien har ramma skeivt og har forsterka forskjellane. Også internasjonalt. Dei svakaste og mest sårbare er aller hardast ramma. Millionar av menneske har mista livsgrunnlaget sitt, millionar av unge må avslutte skulegangen. Verda vil trenge ein global dugnad for å ta igjen det tapte. Denne dugnaden må Norge gå i bresjen for. Det handlar om solidaritet.

Her til lands er det no over 200 000 utan arbeid, det høgste på mange tiår.

Smittekrise har ført til ei økonomisk krise.

Ungdomen vår er hardt ramma. Nesten 1 av 3 av dei utan arbeid er under 30 år. Faren er at ledigheten hos desse bit seg fast på høge nivå, og kanskje som uførhet om nokre år.

Vi veit at mange sit åleine – har lite kontakt med andre menneske. Dette er vanskeleg for barn, ungdomar, studentar, einslege, eldre-ja, truleg for dei fleste av oss.

Dette gir einsemd, og det slit på den psykiske helsa for mange.

Vi ser at pågangen til hjelpetenestene har auka mykje.

Kanskje risikerer vi ei psykisk helsekrise, ein pandemi etter pandemien.

Arbeiderpartiat har gjennom krisa fått gjennomslag for meir midlar til psykisk helse.

Meir midlar er bra. Men etter koronakrisa treng vi eit krafttak for å hjelpe menneske som slit med psykiske helseplager og lidingar. Difor vil vi mellom anna bygge opp eit lavterskel psykisk helsetilbod i kommunane. Der det sjølvsagt skal følge pengar med.

No trengs det ein kraftfull innsats for å få folk raskt tilbake i trygge jobbar, og å sørge for ein velferdsstat som kan stille opp for alle dei som treng hjelp og støtte etter pandemien.

Vegen ut av krisa er å gjere fellesskapet enno sterkare. Ikkje å auke forskjellane mellom folk.

Vi skal sikre eit Norge med små forskjellar mellom folk og med høg tillit mellom folk.

For no er det vanlege folk sin tur!

Gratulerer med kampdagen!

Takk for meg.»