Stilte spørsmål om kafeavtale

Skal hjelpe til

Stad kommune har inngått ein toårig avtale med Storm på Stad AS/ vKristina Myrseth om kafedrift i Prestegarden i Selje. Avtalen inneber at dei får leige lokale gratis, mot å hjelpe til med å vere vertskap for pilegrimssenteret.

STILTE SPØRSMÅL: Betty Hessevik (Sp) stilte i formannskapet spørsmål om kafédrift og avtale med Stad kommune om Prestegarden i Selje.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

I formannskapet etterlyste Betty Hessevik (Sp) orientering om saka og om avtalen er offentleg. Sp-politikaren peika på at det er fleire som har prøvt å drive kafé i området, Ho var oppteken av om dette er noko som kan spenne føtene under andre, og ho ville vite korleis ein har inngått avtalen.