Positive testresultat i Kinn, Høyanger og Sogndal

Det er no to pasientar innlagde i Helse Førde med stadfesta covid-19-smitte. 

Nyhende

Oppdatert rapport frå Helse Førde i dag, 1.mai, viser 3 nye av 159 analyserte prøver fredag 30. april.

Prøvetakingskommunar for desse tre nye positive prøvene er Kinn, Høyanger og Sogndal.


Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøver som dei har tatt. Dermed kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er såleis ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

I Helse Førde er det framleis to innlagde pasientar med stadfesta covid-19-smitte


Dei siste 8 dagane ser det slik ut for prøver analyserte av Helse Førde:

Fredag 23. april: 2 nye av 243 analyserte prøver

Laurdag 24. april: 5 nye av 217 analyserte prøver

Søndag 25. april: 1 ny av 147 analyserte prøver

Måndag 26. april: 1 ny av 182 analyserte prøver

Tysdag 27. april: 3 nye av 306 analyserte prøver

Onsdag 28. april: 1 ny av 193 analyserte prøver

Torsdag 29. april: 2 nye av 202 analyserte prøver

Fredag 30. april: 3 nye av 159 analyserte prøver