Litt festbråk på Plassen og i Sagaparken

Politiet i Nordfjord melder om litt festbråk natt til 1. mai, men stort sett har det vore ei roleg natt.

Politiet fekk i går kveld melding om at ungdommar hadde samla seg på Plassen på Nordfjordeid. I morgontimane er det tydelege teikn på at her har det vore fest.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

‒ Det har vore eit par meldingar om samlingar av ungdom på Nordfjordeid i går kveld og natt, men ingen alvorlege hendingar, er meldinga frå innsatsleiar for politiet i Nordfjord, Morten Hagen.

I nitida om kvelden hadde ein gjeng ungdommar samla seg på Plassen, og politiet fekk melding om dette. Politiet tok turen dit, men då hadde ungdommane forlate staden.

Seinare om natta i halvtretida fekk politiet melding om bilar og musikk i Sagaparken. Dit hadde dei ikkje høve til å ta turen.

‒ Det kom også inn ei melding om nokre bilar som køyrde rundt med høg musikk i sentrum i Stryn om natta, elles har det vore stille fortel Hagen.

Har god dialog

Innsatsleiaren opplever at dei har ein god dialog med ungdommen i Nordfjord.

‒ Stort sett så oppfører dei seg skikkeleg. Ungdommane er ute, og av og til gløymer dei seg. Vi ønskjer at dei skal akseptere at det skal vere nattero, men det er også litt varierande kor mykje folk aksepterer av støy.

I ytre hadde dei eit par laserkontrollar, først i 60-sona ved Måløy vgs. og så på Almenningsfjellet ut på kvelden.

‒ Det var fin køyring, samanfattar Hagen.

God stemning utandørs

Politiet i Vest politidistrikt melder elles om store samlingar av ungdommar på ulike plassar. Det går i utefestar med musikk og stort sett god stemning. Politiet rykker ut ved kapasitet, og sørger for offentleg ro og orden, samt formanar om smittevernreglar.

– Det var færre klager enn vanleg på feststøy frå private adresser, truleg fordi mange av desse festlegheitene/deltakarane flytta utandørs til parkar og friluftsområde. Ditto fleire klagar frå desse områda, er meldinga frå politiet på Twitter.