Koronapandemien kan vere katalysator for ein ny type reiseliv

Grunna koronapandemien har ein på under to år gått frå overturisme til nesten ingen turisme. Skal ein få bukt med klimautslepp og samstundes sikre økonomien i turistnæringa, bør ein handle no, ifølgje forskar.

Dei fleste av oss ferierte i Noreg i fjor. Det førte til at reiselivet ikkje leid økonomiske tap slik ein frykta då ein fann ut at dei fleste utanlandske turistar ikkje kom. Arkivfoto: Marianne Løvland / NTB / NPK 

Nyhende

– Ei krise er òg ein moglegheit for å bygge opp noko betre. Mange vil gå tilbake til det gamle systemet, og vi har òg sett tendensar ved tidlegare kriser at ein berre held fram med «business as usual» så snart ei krise er over, sa forskar Stefan Gössling ved Vestlandsforsking under den nasjonale klimaomstillingskonferansen torsdag.