Fin ramme rundt 1.mai-markeringa

Det var ei fin ramme rundt den enkle markeringa med blomenedlegging ved Sørgende mor på Plassen i dag.

Varaordførar Siri Sandvik(Ap) la ned blomar ved Sørgende mor.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Himmelen var blå, sola skein og fuglane kvitra då leiar i Stad Arbeidarparti, Judith Kvåle, nestleiar Harald Hansen og varaordførar i Stad kommune, Siri Sandvik (Ap) heiste flagga og la ned blomar, slik tradisjonen er på 1. mai.