Er bekymra for låg administrativ bemanning

Formannskapsmedlem Helle Frogner (V) er bekymra for at det er låg administrativ bemanning innan skulesektoren på Stad rådhus.

UTVIKLINGSARBEID: Helle Frogner (V) ønskjer meir midlar til utviklingsarbeid innan oppvekstsektoren i Stad kommune.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Kommunalsjef Harald Sivertsen hadde tidlegare ein person i rådgjevarstilling til å hjelpe seg, men den stillinga vart gitt bort, fordi det var behov for ei stilling som assisterande rektor på Nordfjordeid skule.