To nye positive prøver

Fredag melder Helse Førde om to nye positive prøver etter at helseføretaket har analysert 202 prøver.

Helse Førde melder at to av dei 202 analyserte prøvene torsdag er positive. Så langt denne veka har sju prøver vore positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Torsdag analyserte Helse Førde 202 koronaprøver og to av desse skal vere positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal fredag morgon. Dei to positive prøvene skal vere tatt i Stad og Sunnfjord. Torsdag kveld vart det klart at ein ny person i Stad har testa positivt for covid-19 og er sett i isolasjon. Personen har vore i karantene etter nærkontakt med ein smitta person i same husstand.


Ein ny person i isolasjon

Ein ny person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19


Helse Førde gjer ein alltid merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

17 positive

Så langt denne veka har sju av 883 analyserte prøver vore positive, viser tala til Helse Førde. I tillegg til dei to positive prøvene frå Stad og Sunnfjord torsdag, var ei prøve frå Sunnfjord positiv måndag, medan tysdag var tre av 306 analyserte prøver positive. Desse vart tatt i Stad, Bremanger og Kinn. Onsdag var ei prøve frå Sogndal positiv.

Så langt denne veka har altså to prøver frå Stad vore positive.



Ser ein åtte prøvetakingsdagar tilbake i tid, mellom torsdag 22. april og torsdag 29. april, har Helse Førde analysert 1821 prøver og 17 av desse har vore positive. Dagen med flest positive prøver i løpet av desse dagane er laurdag 24. april med fem positive.

Torsdag 22. april: 2 nye av 331 analyserte prøver

Fredag 23. april: 2 nye av 243 analyserte prøver

Laurdag 24. april: 5 nye av 217 analyserte prøver

Søndag 25. april: 1 ny av 147 analyserte prøver

Måndag 26. april: 1 ny av 182 analyserte prøver

Tysdag 27. april: 3 nye av 306 analyserte prøver

Onsdag 28. april: 1 ny av 193 analyserte prøver

Torsdag 29. april: 2 nye av 202 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

To koronapasientar

Fredag morgon er framleis to pasientar med stadfesta covid-19 smitte innlagde på sjukehus i Helse Førde.

Fredag morgon var det fire av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var heimeverande i karantene eller sjukemelde på grunn av korona.

Talet på tilsette som har hatt stadfesta covid-19 er åtte.